Aktuelt

Åpningstider påsken 2015

lagt inn 23. mar. 2015, 08:02 av HardangerNett As

HardangerNett AS                                                                                                                      Altibox kundesenter Haugaland Kraft
Tlf 53 65 07 70                                                                                                                              Tlf 815 58 692  

Onsdag før påske   08.00-12.00                                                                                                Onsdag før påske     08.00-18.00
Påskeaften               Stengt                                                                                                          Påskeaften                 10.00-14.00

Fiber på Eitrheim

lagt inn 11. nov. 2014, 00:41 av HardangerNett As

Vi ønskjer velkomen til informasjonsmøte om utbygging av fiberbreiband på Eitrheim. På møtet vil innbyggjarane få informasjon om planar for utbygging, samt ein presentasjon av HardangerNett og produkta til Altibox. Vi serverer kaffi og noko godt å bita i.

Møtestad: Grendahuset på Eitrheim
Tid: Torsdag den 13. november 2014 kl. 18.00

Fiber i Tyssedal

lagt inn 3. nov. 2014, 06:46 av HardangerNett As   [ oppdatert 11. nov. 2014, 00:42 ]

Vi ønskjer velkomen til informasjonsmøte om utbygging av fiberbreiband i Tyssedal. På møtet vil innbyggjarane i Tyssedal få informasjon om utbyggingsplanar, samt ein presentasjon av HardangerNett og produkta til Altibox. Vi serverer kaffi og noko godt å bita i.

Møtestad: Kirkekjelleren i Tyssedal
Tid: Onsdag den 5. november 2014 kl. 18.00

Meir HD på Altibox TV

lagt inn 5. sep. 2014, 00:12 av HardangerNett As   [ oppdatert 5. sep. 2014, 04:45 ]

Ei lang rekke med TV-kanalar blir reine HD-kanalar, og rekkefølga blir endra. Om du har sortert kanalrekkefølga eller om du har skjult kanalar på din Altibox-TV, bør du lesa dette:
Altibox fortel at endringa gjev oss betre kvalitet på tv-bilete og -lyd.
Vi gler oss :-)

Nettvett med Donald

lagt inn 11. jul. 2014, 04:18 av HardangerNett As   [ oppdatert 11. jul. 2014, 04:19 ]

Her kan du læra nettvett med Donald Duck.
Bladet kan lastast ned gratis som PDF-fil.
Om du er litt nevenyttig kan du skriva det ut og laga eit papirmagasin som du kan lesa med barn (og vaksne). Alle har nytte av å bli minna om nettvett, og sjølv om vi kan mykje om dette frå før er det lett å gløyma seg litt, og gjer feil.
Les meir, og sjå filminnslag på abc nyheter 

Altibox advarer mot phishing

lagt inn 4. jul. 2014, 01:49 av HardangerNett As   [ oppdatert 4. jul. 2014, 01:54 ]

Altibox går ut med advarsel om phising:
Sjå også vårt innlegg frå tidlegare:

Spesialtilbod hos Komplett

lagt inn 2. jul. 2014, 02:21 av HardangerNett As   [ oppdatert 4. jul. 2014, 01:51 ]

Altibox-kundar får spesialtilbod hos nettbutikken Komplett.no
Du kan f.eks. kjøpa:
  • Asus Wi-Fi-ruter
  • Trådlaus-TV
  • Fjernkontroll
  • Switch
  • NAS
Tilboda gjeld kun for Altibox-kundar.
For å handla, klikkar du deg inn her:

Gratis etablering av Altibox TV i mars 2014

lagt inn 26. feb. 2014, 05:22 av HardangerNett As   [ oppdatert 26. feb. 2014, 05:53 ]

Om du bestillar Altibox TV innan den 31. mars 2014 får du gratis etablering og sparar kr 890,-

Tilbodet gjeld for deg som alt har Altibox-fiber frå HardangerNett, eller for deg som teiknar kontrakt i eit pågåande utbyggjingsprosjekt i Odda kommune.

Ta kontakt med oss for å bestilla!

Telefon: 53650770
E-post: post@hardangernett.no
Eller bruk kontaktskjema på web.

Ikkje la deg lura på Internett

lagt inn 1. jul. 2013, 02:19 av HardangerNett As   [ oppdatert 11. des. 2013, 00:49 ]

Alle som brukar Internett bør vera forsiktige og skeptiske. Det fins veldig mangen former for fanteri og mangen blir lurt. Dei som let seg lura får øydelagd datamaskinene sine med virus, dei får misbrukt kredittkortet sitt og i verste fall identiteten sin.

Du må ikkje la deg lura!

Som ein hovudregel skal du ikkje opna vedlegg eller filer frå usikre kjelder.
Sjølv om det ser ut som at meldinga kjem frå nokon du kjenner, så er ikkje det alltid tilfelle.

Du skal ikkje installera noko på datamaskina di, med mindre du sjølv oppsøker programmet eller oppdateringa.
Du må alltid gå til produsenten og du må aldri følga ei velmeinande link i ei melding eller på ei tilfeldig webside.

For folk i Odda vil det f.eks. vera lett å tru at meldinga i illustrasjonen er ei ekte MMS-melding. Faktum er at vedlegget inneheld virus som moderne antivirusprogram indentifiserer og plukkar vekk. Vi har fått tilbakemelding frå fleire kundar som har fått tilsendt denne falske MMS-meldinga.

Dei som prøver å lura deg er ofte smarte. Dei sender gjerne ut meldingar med norsk tekst og med innhald som ser legetimt og truverdig ut.
Felles for denne type meldingar er at dei anten inneheld eit vedlegg eller lenke til ei nettside.Vedlegget kan innehalda datavirus og nettsida dei peikar på, kan i verste fall klara å ta full kontroll over datamaskina di om du klikkar deg inn på ho.

Tre gode reglar:
  1. Om det ikkje var du som ville installera det, ikkje installer det.
  2. Om du har installert det, hald det oppdatert.
  3. Om du ikkje lenger treng det, avinstaller og slett det.

Kjelde: krebsonsecurity.com


Bonustips til slutt: Ikkje kvitt deg med datamaskiner som inneheld harddisk! Øydelegg harddisken eller skru den ut og ta vare på den. Sjå f.eks. TV-innslaget frå NRK Trøndelag om Fretex som destruerer harddiskar på innlevert datautstyr:

Første salsmøte med 100 % signering

lagt inn 13. jun. 2013, 11:04 av HardangerNett As   [ oppdatert 11. des. 2013, 00:47 ]

I kveld hadde vi eit salsmøte for kundar på Hildal.
For første gong blei det 100 % oppslutting og alle dei frammødte signerte kontrakt.
Det kan neppe bli betre enn det :-)

1-10 of 26