Aktuelt‎ > ‎

Ikkje la deg lura på Internett

lagt inn 1. jul. 2013, 02:19 av HardangerNett As   [ oppdatert 11. des. 2013, 00:49 ]
Alle som brukar Internett bør vera forsiktige og skeptiske. Det fins veldig mangen former for fanteri og mangen blir lurt. Dei som let seg lura får øydelagd datamaskinene sine med virus, dei får misbrukt kredittkortet sitt og i verste fall identiteten sin.

Du må ikkje la deg lura!

Som ein hovudregel skal du ikkje opna vedlegg eller filer frå usikre kjelder.
Sjølv om det ser ut som at meldinga kjem frå nokon du kjenner, så er ikkje det alltid tilfelle.

Du skal ikkje installera noko på datamaskina di, med mindre du sjølv oppsøker programmet eller oppdateringa.
Du må alltid gå til produsenten og du må aldri følga ei velmeinande link i ei melding eller på ei tilfeldig webside.

For folk i Odda vil det f.eks. vera lett å tru at meldinga i illustrasjonen er ei ekte MMS-melding. Faktum er at vedlegget inneheld virus som moderne antivirusprogram indentifiserer og plukkar vekk. Vi har fått tilbakemelding frå fleire kundar som har fått tilsendt denne falske MMS-meldinga.

Dei som prøver å lura deg er ofte smarte. Dei sender gjerne ut meldingar med norsk tekst og med innhald som ser legetimt og truverdig ut.
Felles for denne type meldingar er at dei anten inneheld eit vedlegg eller lenke til ei nettside.Vedlegget kan innehalda datavirus og nettsida dei peikar på, kan i verste fall klara å ta full kontroll over datamaskina di om du klikkar deg inn på ho.

Tre gode reglar:
  1. Om det ikkje var du som ville installera det, ikkje installer det.
  2. Om du har installert det, hald det oppdatert.
  3. Om du ikkje lenger treng det, avinstaller og slett det.

Kjelde: krebsonsecurity.com


Bonustips til slutt: Ikkje kvitt deg med datamaskiner som inneheld harddisk! Øydelegg harddisken eller skru den ut og ta vare på den. Sjå f.eks. TV-innslaget frå NRK Trøndelag om Fretex som destruerer harddiskar på innlevert datautstyr: