Aktuelt‎ > ‎

SPAM-problem for c2h.no-brukarar

lagt inn 30. aug. 2012, 06:55 av Hakon Tdal   [ oppdatert 11. des. 2013, 00:48 av HardangerNett As ]
Enkelte av våre kundar med c2h.no-adresse har opplevd å få meir SPAM i innboksane sine, etter at vi flytta Zimbra-serveren vår. Den nye leverandøren driv på å justerer SPAM-filteret og det er venta at mengda uønskt e-post skal bli redusert allereie i løpet av morgondagen.

Generelle råd for å unngå SPAM er å ikkje la e-postadressa koma på avvege. Om adressa di er synleg på ei eller fleire nettsider, kan også dei som sender ut SPAM få tilgang til ho. Dei av våre brukarar som ikkje har fått e-postadressa si på avvege, får heller ingen SPAM.

Når du mottar uønskte e-postmeldingar, er det ein del ting du må passa på:
  • Avsendaren er som oftast useriøs og kan ikkje stolast på. Send aldri svar eller informasjon til avsendaren. Får SPAM-utsendaren svar frå deg, er det eit teikn på at adressa di faktisk er i bruk. SPAM-utsendarane flyttar stadfesta adresser over på "gull-lister" som dei selger for pengar til andre SPAM-utsendarar. Bruk av automatisk ferievarsel kan såleis vera kime til meir SPAM.

  • Ikkje følg lenker i SPAM-meldingar.
    Nett-adressene inneheld ofte eit serienummer som er knytt til di e-postadresse. Når du klikker på nettadressa kan SPAM-utsendaren registrera at adressa med "ditt" serienummer blei brukt, og såleis få stadfesta at adressa di er i bruk.

  • La e-postprogrammet blokkera eksterne bilete i meldinga.
    Når SPAM-meldinga inneheld bilete som er lagra på ein ekstern server (altså at bilde-fila ikkje er ein del av sjølve melidnga, men at biletet er sett inn med link eller peikar), kan bilde-fila sitt namn innehalda eit serienummer. Når serveren der bilde-fila ligg lagra registrerer at fil-namnet med "ditt" serienummer blir vist, får dei stadfesta at adressa di er i bruk.

  • Unngå korte adresser. SPAM-utsendarar prøver ofte tilfeldige namn som fred@domene, bob@domene, osb. Eit "angrep" mot c2h.no-domenet kan resultera i at alle med enkle adresser får SPAM.

  • Den beste måten å sleppa unna SPAM på, når du først får mykje av det, er å skifta adressa.
    Ta kontakt med oss for å få stengt den gamle c2h.no-adressa di og skriv kva for adressa du då ønsker at vi lagar til deg.