Brukarstøtte‎ > ‎

Altibox bedrift - brukarstøtte


Fast DHCP-tildelt IP-adresse

Bedriftskundar med separat mediakonverter og ZyXEL-kundesentral har i utgangspunktet ei fast DHCP-tildelt IP-adresse.

Kundesentralen står i utgangspunktet i Bridge mode og er klar for tilkopling av bedrifta sin brannmur eller ruter. Dette kundeutstyret som vert kopla til PC-porten (Ethernet 1) vil få tildelt IP-adresse frå Altibox sin DHCP-server.

IP-adressa er fast og skal ikkje skifta, sjølv om du byttar ut ruteren din, får ny kundesentral, etc.

Merk: Om du flyttar eller blir kopla til ein ny sentral, kan du ikkje flytta den faste IP-adressa med deg over.

Tips: Via "Mine sider" (på haugnett.no) kan du ta ZyXEL-kundesentralen ut av bridge og aktivera ruteren i sjølve boksen. Du kan likevel ikkje bruka Wi-Fi-delen i kundesentralen.

Fast IP-adresse i eige VLAN

Bedrifter som kan dokumentera at dei treng fast IP-adresse i eige VLAN, eller som har behov for fleire adresesr, kan kjøpa dette.

Den faste IP-adressa blir ikkje tildelt av DHCP-server og må spesifiserast statisk (fast) i kundeutstyret (ruter, brannmur, etc.)

DNS-servere

Bruk desse DNS-serveradressene for IPv4:
  • 92.220.228.70
  • 109.247.114.4
Og desse for IPv6
  • 2a01:798:0:9002::70
  • 2a01:798:0:8012::4

SMTP-server

For utgåande e-post, kan datamaskiner, skannere, osb. bruka denne server-adressa:
  • smtp.ent.altibox.no
Så lenge utstyret som sender ut e-post er på bedrisftslinja frå Altibox, treng du ingen autentisering og kan bruka port 25.

Meir informasjon

For meir informasjon om Altibox Bedrift, klikk her: