Brukarstøtte‎ > ‎E-post‎ > ‎

c2h.no utgår

Illustrasjon visar innlogginssida til e-postserveren
HardangerNett AS har avvikla e-post for c2h.no
I samband med satsing på Fiberbreiband og Altibox, får nye kundar e-postadresser med haugnett.no
Dei gamle adressene som slutta på c2h.no var i bruk for våre ADSL-kundar. HardangerNett leverer ikkje lenger nye ADSL-samband og har difor avvikla e-post-tenesta som var satt opp for desse kundane.

Du som framleis har ADSL-linje, kan halda fram med å ha denne tenesta. 

Her er informasjon til deg som brukte e-post med c2h.no
Vi såg oss nødt til å avvikla den gamle e-post-serveren som har gitt deg tilgang til e-postadresse som sluttar på c2h.no
Bakgrunnen for avviklinga er ein kombinasjon av få aktive brukarar og at den høge alderen på utstyret gav oss stadig større driftsutfordringar.

Dato for avvikling: 1. januar 2016

Før den tid måtte du gjere deg ferdig med den gamle c2h.no adressa di.

Dette måtte du gjere

1 - Skaffa deg, og ta i bruk ei ny e-postadresse

2 - Informera kontaktane dine om den nye adressa

3 - Endra pålogging på dei stadar der du har brukt c2h-adressa som brukarnamn

1 - Skaff deg og ta i bruk ny adresse

Enkelte har allereie tilgang til e-post andre stadar, og kan bruka denne.

Dei av våre kundar som har Altibox Fiberbreiband, har fått ny og meir moderne e-post med adresse som sluttar på haugnett.no. Altibox-kundar kan også laga seg fleire e-postadresser via "Mine sider".

Om du treng ei ny e-postadresse, kan vi råda deg om å oppretta ein gratis e-postkonto hos ein av desse aktørane:
Dette er konkurrerande aktørar som er gode på å tilby gratis e-postkonto til privatpersonar.

2 - Informer kontaktane dine

Når du har komt i gang med ei anna e-postadressa enn den gamle c2h.no-adressa du hadde, må du starta jobben med å informera kontaktane dine om den nye adressa di. Du har kanskje oppgitt den gamle c2h.no-adressa di til ulike aktørar på Internett, til arbeidsgjevaren, banken, lag- og organisasjonar, osb.

3 - Endre brukarnamn

Du må også skifta innloggingsadresse på alle nettsider og tenester der du tidlegare har logga deg inn med den gamle c2h.no-adressa di. Til dømes på Facebook, Netflix, Spotify, i nettbutikkar, osb.
Generell framgansmåte er å logga deg inn på tenesta og så endra e-postadressa under Instillinger, konto, etc.

Kopi av presentasjonen frå infomøtet

På infomøtet den 11. november blei det vist ein presentasjon.
Kopi av presentasjonen fins her: avvikle_c2h.pdf (564k)