Brukarstøtte‎ > ‎E-post‎ > ‎c2h.no utgår‎ > ‎

Bytt Apple-ID (iPhone, etc.)

Om brukar c2h-adressa di som brukarnamn på iPhone, iCloud, Apple AppStore, etc., må du skifta denne.
Før du føl punkta i denne framgangsmåten, må du ha ei anna fungerande e-postadresse som du bytter til.

Merk at Apple ikkje godtek at du skiftar til ei icloud.com-adressa (kjelde).
Har du kun icloud.com-adresse må du oppretta ei anna e-postadresse (til dømes hos Gmail) før du bytter.
Merk at du ikkje skal laga ny Apple-ID. Berre endre e-postadressa.

Framgangsmåte

Merk at Apple rådar brukarane sine til å logga seg av Apple-kontoen på alle dingsar sin før dei skiftar Apple-ID.
Ofte fungerer det fint å logga av (og på igjen) etter skifte, men det kan vera lurt å følga Apple sitt råd. Les meir, her.
  • Bruk ei datamaskin (evt. nettlesar på mobiltelefon eller nettbrett).

  • Klikk til https://appleid.apple.com/

  • Klikk til "Administrer din Apple-ID"


  • Logg på med c2h-adressa di og passordet
    Om du har glømt passordet, fins det norsk informasjon og hjelp bak linken "Glemt passord?"

  • Klikk "Rediger" til høgre for Apple-IDen din og skriv inn en nye e-postadressa di.


  • Gå til innboksen til den nye e-postadressa di og finn meldinga frå Apple.
    Kanskje du må sjå i Uønska, SPAM, søppel, eller leita blandt "All e-post".

  • Opne melidnga frå Apple, og klikk på linken "Verifiser nå >"
    Du kjem då til påloggins-sida for "Min Apple-ID".

  • Logg deg inn med den nye e-postadressa di

    Merk at passordet er ikkje endra. Bruk same passord.

  • Sjå at den nye e-postadressa di blir verifisert.
Då er du i mål.
For å logga deg på din Apple-ID, brukar du den nye e-postadressa di.
Dette gjer du på telefonen, nettbrettet, etc.

Tips: Om du får spørsmål om passord til den gamle c2h.no-adressa på iPhone, iPad, etc. logger du bare ut og inn igjen mot iCloud.