Brukarstøtte‎ > ‎E-post‎ > ‎c2h.no utgår‎ > ‎

Nytt brukarnamn i Facebook

Illustrasjon av Facebook sin innlogging
Har du brukt c2h.no-adressa di på Facebook, må du leggja inn eit nytt brukarnamn.

Dette gjer du via Facebook, og du må ha ei anna
e-postadresse for å koma i mål.

Framgangsmåte

  1. Logg deg inn på Facebook

  2. Klikk til Innstillingar/Kontoinnstilling og Generelt

  3. Sjå under "E-post" og legg til den nye e-postadressa di
Når du har stadfesta at den nye e-postadressa faktisk er din, kan du bruka den til å logga deg på Facebook.

Når den nye e-postadressa fungerer som innlogging på Facebook, kan du gå tilbake til Innstilling og e-post og fjerna den gamle c2h-adressa di frå Facebook.