Brukarstøtte‎ > ‎E-post‎ > ‎c2h.no utgår‎ > ‎

Spørsmål og svar

Her prøver vi å samla opp spørsmål og svar i samband med at vi avviklar e-postadresser som sluttar på c2h.no


Spørsmål
Eg har Altibox frå Hardangernett. Korleis får eg teke i bruk dei nye haugnett.no-adressene?
Svar
Logg deg inn på "Altibox Mine sider", der du kan administrera kundeforhold og e-postkontoane dine.
Du kan nullstilla eller endra passord, oppretta tilleggs-adresser, mm.
Sånn kjem du i gang med "Altibox Mine sider": https://www.haugnett.no/privat/kundeservice/brukerveiledninger/mine-sider

Spørsmål
Blir linja mi avslutta?
Svar
Nei. Det vi skal avslutta, er e-postadressene som sluttar med c2h.no
Internett-linja og din tilgang til Internett blir ikkje endra når c2h.no-eposten blir avvikla.


Spørsmål
Mister eg eksisterande e-post?
Svar
Nei. E-post som du har lasta ned til eit e-postprogram på ei datamaskin, forblir der.
Men du mister tilgangen til e-postkontoen på e-postserveren. Meldingar som ligg på serveren kan du ikkje nå etter 1. januar 2016


Spørsmål
Kan eg flytta kontaktane mine over til den nye e-postløysinga?
Svar
Ja. Eksporter kontaktane til ei fil som du importerer i den nye e-postløysinga.
Det går ikkje å gje ei enkel oppskrift som dekkar alle, men meir info fins her.