Brukarstøtte‎ > ‎E-post‎ > ‎c2h.no utgår‎ > ‎

Ta med kontakt-informasjon

Om du har samla kontakt-informasjon i eit e-postprogram, til dømes Windows Mail, Outlook, Thunderbird, etc., kan du flytta denne informasjonen over til den nye e-postløysinga di. Framgangsmåten går ut på å eksportera ut kontakt-informasjon frå det gamle programmet du brukte, i eit filformat som heiter CSV. Vidare kan du importera CSV-fila i den nye e-postløysinga di, for på den måten å få med deg alle kontaktane dine med kontaktinformasjon.

Eksporter kontakter til CSV-fil

Framgangsmåten for å eksportera ut kontaktane frå e-postprogrammet ditt, er ulik frå program til program. Ofte finn du detaljert informasjon via Hjelp i programmet. Det kan også henda at du finn god hjelp om du søker på Internett etter ord som "eksporter kontakter fra Outlook".

Her er nokon sider med informasjon:
Framgangsmåten for å importera kontaktar frå ei CSV-fil, er litt ulik for dei ulike e-postsystema. Men alle tilbyr informasjon:
iCloud.com brukar eit format som heiter vCard for å handtera kontakt-informasjon. Via nettsida https://www.icloud.com/#contacts kan ein iCloud-brukar trykka på tannhjul-knappen (nedst til venstre) og velga "Importer vCard..."
Men då må du først ha ekspostert kontaktane dine til vCard-filer. Søk gjerne med Google for å finna ut korleis du eksporterer kontaktane dine til vCard, frå den versjonen av e-postprogram som du brukar.
Comments