Brukarstøtte‎ > ‎E-post‎ > ‎c2h.no utgår‎ > ‎

Ta vare på gamle meldingar

Alle e-postmeldingar som du har lasta ned og ligg i e-postprogrammet ditt, lokalt på datamaskina di, foblir der også etter 1. januar 2016.
Meldingar som berre er lagra på e-postserveren (webmail), vil du mista tilgangen til, ved utgangen av 2015.

Den enklaste måten å ta vare på enkelte meldingar, er å vidaresenda dei til den nye innboksen din.

Framgangsmåte

  • Opne melidnga du vil vidaresenda
  • Trykk på knappen "Videresend" (evt. "Forward")
  • Skriv inn den nye e-postadressa di i feltet "Til" og trykk på Send
Sjekk at vikgite meldingar som du har vidaresendt faktisk er tilgangeleg i den nye innboksen din.

Tips - vidaresend mange på ei gong
Ved å markera mange viktige meldingar, kan du som oftast vidaresenda dei som vedlegg i ei enkel utgåande melding.
Ofte kan du halda inne Ctrl-tasten på tastaturet, mens du klikker på meldingane, ein etter ein.
Når du har markert alle meldingane, trykker du på Videresend-knappen.
Hugs at ei utgåande melding kan feila, om den er større enn 20 MB.
Store meldingar med store filvedlegg må difor kanskje sendast vidare enkeltvis.

Hugs mappa "Sendte elementer"

Du må kanskje også gå gjennom mappa "Sendte elementer", for å sjå om det er viktige melidngar i som du har sendt ut. Desse melidngane kan du vidaresenda på same måte.

Avansert - Bruk IMAP (engelsk)

Avanserte e-postbrukarar kan bruka IMAP til å flytta store mengdar e-post frå eksisterande e-postprogram til f.eks. Gmail (som støttar bruk av IMAP-protokollen). Generellt går framgangsmåten ut på at du må leggja den nye e-postadressa di (td. Gmail-adressa) til med IMAP i e-postprogrammet ditt. Då får du opp både den gamle og den nye e-postkontoen i same program. No kan du flytta meldingar til den nye kontoen, og la IMAP-protokollen synkronisera meldingane dine til serveren/sky-tenesta til den nye e-post-tilbydaren din.

Her er ein artikkel på About.com som kan vera til hjelp:
Comments