Brukarstøtte‎ > ‎E-post‎ > ‎

Send for store filer

Sjølv om vi kan senda vedlegg til e-postmeldingar, har e-post sine heilt klare grenser. Mange har ei grense på 20 MB. Skal du sende meldingar som er større enn dette, kan du ta i bruk nettbaserte tenester for sending av store filer. Her er eit lite utval:

Sprend

Den svenske tenesta Sprend frå Evertsson Enterprises AB lar oss senda inntil 2 GB store filer. Tenesta er førebels heilt gratis.

Filemail

Den norske tenesta Filemail lar privatpersonar senda inntil 2 GB store filer. Tenesta er diverre ikkje gratis for verksemder.

Senduit

Send inntil 100 MB store filer og bestem sjølv kor lenge fila skal vera tilgjengeleg (maks ei veka).

Tryggleik

Det vil nok vera mogeleg for tenesteleverandøren å få tilgang til filer du sender via nettsida deira. Om du sender informasjon som andre ikkje bør få sjå, må du sjølv kryptera fila på ein god nok måte. Sjølv har vi god erfaring med VeraCryptPeaZip og AxCrypt.