Brukarstøtte‎ > ‎E-post‎ > ‎Webmail‎ > ‎

http://post.c2h.no/ og passord

Dei med c2h.no-adresse og alle som brukar vår Zimbra-server for e-post, kan lesa og skriva e-post rett på denne web-sida:
Dette er nettadressa til den såkalla Zimbra-serveren vår.

Innlogging på Webmail

Kundar med c2h.no-adresse eller e-post
levert via vår Zimbra-server:
  • Klikk til post.c2h.no

  • Logg inn med epostadressa di som Username

Merk at skjermbiletet over berre er ein illustrasjon.

Sett nytt e-postpassord

Om du treng nytt passord til e-postkontoen din, må du kontakta oss. Du kan komma innom kontoret vårt, ringa oss eller bruka Kontakt oss-skjema her på heimesida.

Vi nullstiller passordet ditt, og gir deg eit mellombels passord.

Viktig! Merk at passordet du får frå oss ikkje kan brukast til å logga inn på e-postkontoen din. Passordet er mellombels og kan berre brukast til ein ting: Du kan setja eit sjølvvald passord.
  • Du får ein SMS tekstmelding til mobiltelefonen din

  • I tekstmeldinga står det at du skal inn på denne nettsida:

  • På Zimbra-sida fyller du inn heile e-postadressa di som "Username"

  • Skriv inn det mellombelse passordet som du fekk i SMSen

  • Trykk "Log In"
Når e-postadressa og passordet er godkjend, kjem det opp ei side med meldinga:

"Your password is no longer valid. Please choose a new password."

Merk at skjermbiletet over berre er ein illustrasjon.

Du skal no skriva inn ditt eige sjølvvalde passord.
Først skriv du passordet ditt inn i feltet "New Password:"
Etter det, gjentek du akkurat det same passordet i feltet "Confirm:"
Til slutt trykkar du på knappen "Log In"

Passordet ditt er no endra, og du er inne i Webmail der du kan lesa og skriva e-postmeldingar.

Vidare må du bruka dette nya sjølvvalde passordet om du ønskjer å bruka eit eige e-postprogram som Windows Mail, Outlook, etc.
Comments