Fjern gamle trådlause nett

Om du erstattar den trådlause basestasjon med ein ny og desse to har same nettverksnamn (SSID), må du fjerna det gamle trådlause nettverket frå Windows XP, før du legg inn det nye.
 
Dette gjeld også kundar som oppgraderer frå WEP til WPA. 
  • Dobbelklikk på symbolet for Trådløs nettverkstilkobling ved klokka (nede til høgre)
    Om symbolet manglar, må du kanskje inn på Kontrollpanel og nettverk for å finna Trådløs nettverkstilkobling.
  • Klikk til Endre avanserte innstillinger
  • Klikk til fana Trådløse nettverk (i toppen av dialogboksen)
  • Bla i lista over Foretrukne nettverk og merk det trådlause nettverket som skal slettast.
  • Klikk på knappen Fjern
  • Klikk OK
Comments