Hjelp og feilsøking

Hjelp og feilsøking
Bruk av trådlause datanettverk vil kunne opplevast som mindre stabilt enn datanettverk med feilfri nettverkskabel. Her kjem nokon tips til deg som vil feilsøka ditt eige trådlause datanettverk.

Tolmod
Nokon gongar kan det ta fleire minutt før datamaskina finn det trådlause nettverket. Om nøklar og kode er skriven inn rett må ein ofte ha litt ekstra tolmod så utstyret får tid til å finna kvarandre.
 
Omstart av datautstyret
Nokon gongar kan ein løysa enkle problem ved å starta datamaskina på ny. Det kan også oppstå problem i den trådlause basestasjonen eller andre boksar som er i bruk. Desse kan du gje ein omstart ved å dra ut straumkabelen og setja denne tilbake i boksen.
 
Tastefeil
Det kan vera fort å tasta feil når ein skal skriva inn dei ulike verdiane. Trådlause nett er sikra mot uaotorisert tilgang. Alle verdiar må vera heilt rett for at ting skal fungera. Hugs også at det er forskjeld på stor og litan bokstav.
 
Avstand og kjelder som øydelegg for signalkvaliteten
Det finnes fleire typar kjelder som kan forstyrra radiosignalet. For å finna ut om eit problem kan skuldast svake eller forpurra signal, kan du prøva å redusera avstanden mellom sendaren og datamaskina. Du treng normalt ikkje å gå nærare enn ein meter. Eksempel på ting som kan skapa dårleg signal er:
  • Andre trådlause nett
  • Mobiltelefonar og utstyr med blåtann
  • Microbølgjeomnar
  • Store glasflater som vindauge (dei lagar refleks)
  • Vegger og tak
 
Utdaterte drivarar
Utviklinga går fort og dei aller fleste produsentane av datamaskiner og trådlaust datautstyr, kjem med hyppige oppdateringar. Ein finn kanskje feil eller betre måtar å løyse ting på. Dette kan ofte utbetrast ved å ta i bruk nyare programvare. Adapteret for trådlaust nett har både innebygd programvare (firmware) og programvare som er installert i operativsystemet på datamaskina (ein drivar). Informasjon om eventuelle oppdateringar kan du få om du kontaktar produsenten av utstyret eller leitar på deira heimesider.
Comments