Trådlaus med WEP-kryptering

Trådlaus med WEP-kryptering

Skal du kople datamaskina di til eit sikra trådlaust nett må du vita namnet og kodenøkkelen til nettverket. Med utstyr levert og sett opp av HardangerNett AS, vil dette normalt verte levert med sjølve sendardelen og stå klistra på undersida av boksen.

Her er framgangsmåte for installasjon av trådlaust nett under Microsoft Windows XP med Service Pack 2 installert:
  • Installer og aktiver det trådlause nettverkskortet ditt. Framgangsmåte finn du anten i lag med adapteret, eller på heimesida til produsenten. Det kan også henda at produsenten har oppdatert firmware som bør leggjast inn.

  • Dobbelklikk på symbolet for Trådløs nettverkstilkobling ved klokka (nede til høgre)

Om symbolet manglar, må du kanskje inn på Kontrollpanel og nettverk for å finna Trådløs nettverkstilkobling.

  • Klikk til Endre avanserte innstillinger
  • Klikk til fana Trådløse nettverk (i toppen av dialogboksen)
  • Sjekk at du bruker Windows til å konfigurere innstillinger... (om du ønskjer å bruka programvaren som vart levert med det trådlause kortet/adapteret, må du følgja produsenten si brukarrettleiing) 
  • Klikk Legg til... 
  • Skriv inn nettverksnamnet i feltet for SSID/ESSID (Obs! Systemet skil mellom stor og liten bokstav!) 
  • Ta vekk haka for Nettverksnøkkel angis automatisk for meg
  • Skriv eller lim inn nettverksnøkkelen (to gongar)

  • Klikk OK
 
Det kan ta litt tid før datamaskina finn det trådlause nettverket.
Comments