Trådlaus WPA-kryptering for ekstra tryggleik

WPA og WPA2-krypterte trådlause nett er langt sikrare enn WEP-krypterte nett.
Eldre eller enklare datautstyr kan mangla støtte for WPA-kryptering. Til dømes Nintendo DS krev WEP.

Skal du kople datamaskina di til eit sikra trådlaust nett må du vita namnet og kodenøkkelen til nettverket. Med utstyr levert og sett opp av HardangerNett AS, vil dette normalt verte levert med sjølve sendardelen og fins på undersida av boksen.

Obs! Om du oppgraderer frå WEP til WPA eller har eit eksisterande trådlauset nett med same namn, må dette fjernast først!
 
Her er framgangsmåte for installasjon av trådlaust nett under Microsoft Windows XP med Service Pack 2 installert:
 
  • Installer og aktiver det trådlause nettverkskortet ditt. Framgangsmåte finn du anten i lag med adapteret, eller på heimesida til produsenten. Det kan også henda at produsenten har oppdatert firmware som bør leggjast inn.
  • Dobbelklikk på symbolet for Trådløs nettverkstilkobling ved klokka (nede til høgre)
    Om symbolet manglar, må du kanskje inn på Kontrollpanel og nettverk for å finna Trådløs nettverkstilkobling.


  • Klikk til Endre avanserte innstillinger


  • Klikk til fana Trådløse nettverk (i toppen av dialogboksen)
  • Sjekk at du bruker Windows til å konfigurere innstillinger... (om du ønskjer å bruka programvaren som vart levert med det trådlause kortet/adapteret, må du følgja produsenten si brukarrettleiing)
  • Klikk Legg til...
  • Skriv inn nettverksnamnet i feltet for SSID/ESSID (Obs! Systemet skil mellom stor og liten bokstav!)


  • Klikk OK og vent til datamaskina finn nettverket
  • Klikk på den gule balongen eller dobbelklikk på symbolet for Trådløs nettverkstilkobling

  • Klikk på din SSID i lista over trådlause nettverk og klikk på knappen Koble til nede til høgre
  • Skriv eller lim inn nøkkelen to gongar og klikk Koble til


    Det kan ta litt tid før datamaskina finn det trådlause nettverket.
Comments