Brukarstøtte‎ > ‎Teknisk‎ > ‎

Fjern trådlause nett (Windows)

Når du koplar ei datamaskin til eit trådlaust nett, vil dette bli lagra.
Då slepp du å tasta koden neste gong du skal kopla deg på.

Windows lagrar tre ting:
  • Namnet på det trådlause nettet (SSID)
  • Krypteringspassordet
  • Krypteringstypen

Om ein får ny trådlaus sendar (spesiellt når denne kjem frå ein annan produsent), kan det vera små variasjonar i krypteringstypen.

Sjølv om det trådlausa nettet har same namn og passord som før, kan det henda at du ikkje får til å kopla deg på.

Årsaka vil typisk vera at krypteringstypen som er lagra, ikkje er identisk med krypteringstypen til den nye sendaren.

Den enklaste måten å omgå dette problemet på, er ved å endra namn (SSID).

Set f.eks. eit 2-tal eller ein a bak namnet.

Datamaskina vil no oppdaga eit heilt nytt trådlaust nett og be om kode.


Om du ikkje vil endra trådlaus-namnet og likevel har problemet som er omtalt på denne sida, må du fjerna det lagra trådlaus-nettet frå datamaskina di, kanskje til og med starta den på ny, og så kan du kopla deg til.

Windows 7 (og Windows Vista)

  • Klikk Start -> Kontrollpanel -> Nettverks og delingssenter (Network and Sharing Center)
    Obs! Delingssenter ligg kanskje under "Vis nettverksstatus og -oppgaver"
  • I feltet til venstre (under "Tasks) skal du klikka "Manage wireless networks"
  • Klikk i lista og velg det nettveket du vil fjerna
  • Trykk på knappen "Fjerne" (evt. Remove)

Informasjon på engelsk fins her  og her .

Meir grafikk, samt engelsk framgangsmåte for andre datasystem fins hos Linksys: