Brukarstøtte‎ > ‎Teknisk‎ > ‎

Inteno X5668

Kundar med ADSL frå HardangerNett plar få utlevert ein breibandsboks av typen Inteno X5668B.
Dette er ein relativt enkel breibandsboks med få funksjonar og høg stabilitet og yteevne.
Grunnfunksjonane inkluderer:
  • ADSL2+ mot sentralen
  • 4-port ethernet switch med 10/100 auto
  • Trådlaus antenne
Våre eldre boksar sluttar å fungera, om ein nullstiller boksen med RESET-knappen. Skjer dette, må du levera den inn til oss for å bli satt opp på ny.

Nyare boksar tålar å bli nullstilt. Alle boksar som tålar nullstilling har klistrelapp med QR-kode på undersida av boksen.

Enkel brukarrettleiing med norsk tekst er vedlagd i PDF-fila "Quickguide_X5668_NOR.pdf" (330 kB)

Avanserte brukarar kan studera den engelske brukarrettleiinga "inteno_manual_x5668_x5668u_eng_pa1.pdf" (9 MB) for å læra om korleis boksen sine ulike innstillingar kan manipuleras.
Ċ
HardangerNett As,
18. mar. 2013, 04:19
Ċ
HardangerNett As,
18. mar. 2013, 04:19