Brukarstøtte‎ > ‎Teknisk‎ > ‎

Chrome Remote Desktop

Om TeamViewer ikkje fungerer, kan eit alternativ vera å heller bruka Google sitt verktøy for fjernstyring.
Du må ha nettlesaren Google Chrome installert på datamaskina, og du må ha ei Gmail-adressa.

Framgangsmåte

Denne framgangsmåten er ganske detaljert, men ikkje la deg skremma. Det er ikkje komplisert å få dette til. Hugs at framgangsmåten og skjermbileta kan avvika. Nokon har andre versjonar eller språkval som gjer at ting kan koma i ei litt anna rekkefølge eller med litt andre val.
  • Start Google Chrome og søk etter "Chrome Eksternt Skrivebord", "Chrome Remote Desktop", etc.

  • Klikk til "Chrome Remote Desktop" som fins under https://chrome.google.com/...


  • Klikk "Lett til Chrome"


  • Klikk Legg til appen


  • Start Web Appen Chrome Eksternt Skrivebord


  • Om du ikkje allereie er innlogga med ei Gmail-adresse, må du logga på Chrome.
    Alternativt kan du oppretta ein Google-konto ved å klikka "Opprett konto"


  • Når du loggar på, kan du måtte svara "Greit" på spørsmål om synkronisering og tenester


  • Tillat at Chrome Remote får desse tilgangane


  • Og Tillat ein gong til


  • Då er vi ferdig og kan be om fjernhjelp
    Trykk "Kom i gang" (som kjem opp når du har starta Chrome Remote-appen)


  • Klikk på Del-knappen


  • Les opp eingongskoden til den du ønskjer at skal få fjerntilgang til datamaskina di


  • Klikk "Del" for å gje tilgang
Du kan når som helst trykka "Stopp deling" i botn av skjermen.