Brukarstøtte‎ > ‎Teknisk‎ > ‎

Fjernhjelp med ShowMyPC

Mens du snakkar med oss på telefon, kan vi tilby fjernhjelp via eit system som heiter ShowMyPC.
Løysinga går ut på at du startar ShowMyPC på datamaskina di, og får opp ein nøkkelkode som du les opp til oss per telefon. Vi vil då kunne ta over styringa av datamaskina di mens du ser på skjermen og snakkar med oss i telefon. Såleis kan vi hjelpa med enkle innstillingsfeil.
Når vi er ferdig, lukkar du ShowMyPC på din datamaskin, sånn at vi ikkje lenger har nokon fjerntilgang.

For å bruka ShowMyPC må du ha ein fungerande datamaskin med tilgang til Internett.

Framgangsmåte

  • Klikk inn på nettsida http://showmypc.com



  • Klikk på knappen Show My PC, som ser ut som dette:



  • Nettlesaren vil no spør om du vil lagra eller opna/køyra programmet.
    Du kan gjerne lasta det ned og køyra det etterpå, eller du kan køyra det direkte.



  • Du må godta Brukerkontokontroll og oppheva blokkering i brannmur

  • Når programmet er starta, klikker du på knappen


  • Systemet startar opp skjermdelinga og gir deg ein tallkode som du må lesa opp til den som skal få tilgang til å styra datamaskina di


    Obs! Les opp tall-koden og bindestrekane.

  • Når du er ferdig, trykker du på stoppe-knappen og lukker ShowMyPC med lukkeknappen.