Brukarstøtte‎ > ‎Teknisk‎ > ‎

Speedometer

Den enklaste måten å få ein peikepinn på kva fart breibandslinja har, er å køyra ein såkalla speedometertest. Måten eit speedometer fungerer på, er ved å senda data til og frå nettlesaren/datamaskina di, mens den tek tida på dataoverføringa. Når speedometeret finn ut kor lang tid det tar å overføra ein gitt datamengde, kan resultatet visast som Kbps, Mbps, osb.

Merk at ein speedometertest aldri kan måla den faktiske datamengda som går på linja di.

Bufferbloat

Moderne breibandsutstyr (dvs. ruter) har stor buffer for mellomlagring av utgåande datatrafikk.¨
ADSL-linjer har relativt høg fart inn og relativt låg fart ut. Dette gjer at det fort kan bli "kø" på utgåande trafikk.
Køen kan vera over eitt sekund lang, noko som kan medføra at enkel websufring (f.eks. bruk av nettbank) kan opplevast som sirup.
Fram til produsentane av breibandsutstyret kjem med oppdaterte versjonar som løyser problemet, vil den beste måten å omgå dette på, vera å redusera mengden datatrafikk som skal ut.

Les om ICSI Netalyzr nedst på denne sida, og test linja di for å avdekka evt. bufferbloat-problem.

Før testen

Før du startar testing, er det ein del ting du bør gjer. Målet er å fjerna flaskehalsar som ligg innanfor din kontroll:
  • Bruk ein feilfri nettverkskabel frå datamaskina og kople deg direkte til breibandsboksen eller ADSL-ruteren.

  • Deaktiver evt. trådlaust nettverkskort i datamaskina, for å vera sikker på at datatrafikken går over kabelen.

  • Start breibandsboksen på ny. Det er under oppstart at boksen forhandlar fram best oppnåeleg fart med sentralen. Ein ny-starta boks har også nullstillte tabellar og er best rusta for høgast mogeleg resultat.

  • Kople vekk alle andre datamaskiner som måtte vera tilkopla. Desse kan overføra data sjølv om du ikkje veit det.

  • Steng ned alle program som ligg i bakgrunnen på datamaskina di, og som kan overføra data til og frå Internett.
    Merk at Windows Update også kan overføra store datamengder, utan at du oppdagar det. Får du unormalt lave verdiar på testen, kan det vera lurt å venta ei stund, og ta testen fleire gonar med pausar i mellom.

  • Ta omstart på datamaskina og sjå om du får betre verdiar etter omstart.

  • Hugs også at serveren du testar mot kan vera travelt oppteken med å forsyna andre brukarar med test-data på enkelte tider av døgnet.

Nettfart.no

Post- og teletilsynet har ein uavhengig speedometer-test, utan reklame.

Denne testen krev at du har Adobe Flash installert.
Nettlesaren Google Chrome har dette innebygd.
Denne er plassert i Oslo, og kan difor gje eit noko upresist bilete av farta på sjølve linja di. Når du testar mot Nettfart.no vil du også få med linja ut av HardangerNett og over til Oslo. Denne delen av sambandet ligg utanfor vår kontroll, men vil normalt ikkje skapa vanskar om du målar på linjer med relativt lav fart (typisk under 10 Mbps).

BKK sin NTD

For våre ADSL-kundar, samt alle som ikkje har Altibox, har BKK har ein test-server plassert i Bergen. Denne testen krev diverre at du har installert Java.
Testen gjer meir enn å berre måla farta. Den prøvar mellom anna å avdekka eventuelle speed/duplex-problem.
I tillegg til informasjonen som kjem opp i boksen midt på sida, kan du få fleire detaljar ved å klikka på knappane Statistics og More Details. Legg f.eks. merke til at ein Windows-PC normalt vil ha buffer-innstillingar for nettverkstrafikken som kan avgrensa den opplevde farta. Klikkar du "More Details"-knappen, kan du f.eks. sjå ein setning som dette:

"Your PC/Workstation has a 169.0 KByte buffer witch limits the trhoughput to 36.98 Mbps"

Dette er relevant ved testing av linjer med veldig høg overføringskapasitet.

Altibox sin test-server

For kundar med fiber-tilknyting og Altibox-Internett, er det hensiktsmessig å testa med Altibox sitt speedometer.

Denne testen krev at du har Adobe Flash installert.
Tips: Nettlesaren Google Chrome har Flash-støtte innebygd.
Ved å testa mot Altibox sitt speedometer, eleminerer du vekk eventuelle flaskehalsar som ligg utforbi Altibox-nettet. Testen overfører data frå nettlesaren i datamaskina di, til test-serveren som er plassert i Stavanger.

Om du opplev problem, kan det vera lurt å notera seg dato og tidspunkt då testen gav lavt resultat. Når du kontaktar kundeservice for å få hjelp til å løysa eit problem med "for lav fart", oppgir du datoane og klokkesletta, så kan Altibox-teknikar henta ut verdifull feilsøkingsinfo i loggen til Speedometeret.

Andre speedometer

Fleire nettaviser tilbyr speedometertest til sine lesarar. Desse er fine å testa mot, når du vil sjå kor høg fart det er mogeleg å måla (eller tid-festa) heile vegen ut til tenesta, ute på det opne Internett. Merk at test-trafikken som går mellom deg og test-serveren ute på Internett knivar om ledig kapasitet med alle andre som brukar Internett. Resultatet vil difor kunne variera.

Du må også hugsa på at om det er mange som testar mot same server, vil kapasiteten til serveren kunne bli redusert og verdiar bli upresis.
Om du søker på Google kan du også finna mange utanlandske servere å testa mot.

TPTEST

Svenske Bredbandskollen (som tidlegare var ein del av det svenske Post- och telestyrelsen har programvare for Windows og Mac, som lar deg testa breibandsfarta. Denne testen eleminerer behovet for å bruka nettlesar, og kan testa TCP-trafikk utan at den går via nettlesaren:
Bredbandskollen har også mobil-app for iOS og Android.

ICSI Netalyzr

Dette er eigentleg ikkje ein speedometertest, men den tek den ekstra sjekkinga som NTDen gjer, og tar den så langt som det er mogeleg med dagens teknologi. Du får ein utførleg rapport om datamaskina si tilkopling til Internett og tar med veldig mange teknisk avanserte testar.

Denne testen krev også Java for å fungera:
Det kan vera vanskeleg å tolka informasjonen som Netalyzr gjev, men om du har naudsynt bakgrunn og erfaring, så kan dette vera veldig nyttig. Eit problem som Netalyzr prøver å avdekka, er "Bufferbloat". Når teknologien Codel blir implementert i breibandsrutarar, er det venta at dette problemet vil forsvinna.