Brukarstøtte‎ > ‎Teknisk‎ > ‎

Tilbakestill Altibox TV-dekoder til fabrikkinnstilling

Vi brukar TV-dekodarar frå Motorola til våre Altibox-kundar. Desse TV-bokssane vert også kalla "STB", som er kort for "Set Top Box".
Når TV-dekodaren har innebygd harddisk for opptak, kallar vi den for ein "PVR" (Personal Video Recorder). Ein PVR er også ein STB.

Om du har problem med ein STB kan du prøva å tilbakestilla den til fabrikkinnstilling.
Ein tilbakestilt boks skal automatisk henta aktuell programvare og innstillingar/oppsett når den startar opp.

Obs! For at dette skal fungera må STB vera kopla til heimesentralen (HS) via ein feilfri nettverkskabel med "cat.5" eller betre kvalitet, samt at HS må ha feilfri kontakt med noden. Om Internett fungerer frå PC-porten på HS, er det eit teikn på at HS har feilfri kontakt med noden.

Framgangsmåte

  • Kople frå straumkabelen, så STB mistar straumen og går heilt av.

  • Kople til straumen igjen, så STB startar opp.

  • Trykk Meny-knappen på fjernkontrollen ved den første oppstartsprikken

  • Pil ned til System og trykk OK


  • Ta både "Factory Reset" og "Remove Software"


  • Pil til Exit og ta "Reboot without Saving"


  • Vent til boksen tar omstart
Ta kontakt med oss eller Haugnett-kundeservice, for meir hjelp.

Ein STB som feilar sjølv etter å ha blitt tilbakestillt til fabrikkinnstilling vil kanskje måtte byttast i ein ny.

Merk at du mister alle opptak på PVR, om du må bytta denne i ein ny.