Brukarstøtte‎ > ‎Teknisk‎ > ‎

Xbox 360 og NAT-problem

Om du skal kopla ein Xbox 360 til Internett frå HardangerNett, kan du få problem med NAT. Nettverkstesten kan fortella deg at du har såkalla "strict NAT" og at du må endra dette til "open NAT". Her er informasjon som kan koma til hjelp.

Dette er ikkje eit problem for alle

Funksjonar som ikkje fungerer når Xbox 360 sin nettverkstest rapporterer om problemet, er tale-biten. Om du ikkje har tenkt å bruka hodesett og prata med andre spelarar gjennom Internett, kan det henda du ikkje treng å gjere noko. Dei aller fleste Xbox-spel fungerer heilt fint, sjølv om dette NAT-problemet vert rapportert.

Løys problemet med ZyXEL Presige 660

Om du har eit breibandsmodem av typen ZyXEL Presige 660, vil du kunne løysa problemet i modemet sitt oppsett. Ver opmerksom på at feil endring i modem-oppsettet kan gjer at du mister tilgangen til Internett.
  1. Logg deg inn på modemet ved å surfa til http://192.168.1.1/
  2. Skriv inn passordet 1234 - sjølv om det står noko der frå før! (om du vil, kan du ignorera oppmodinga om å skifta passord)
  3. Klikk til Advanced og Apply
  4. Klikk Advanced og UPnP
  5. Aktiver UPnP og la UPnP passera gjennom brannmuren

Løys problemet med iMG eller RG634

Om du har eit breibandsmodem av typen Allied Telesyn RG634 eller iMG634, kan du ikkje gjer endringar i modemet sitt oppsett. Du må i staden gjer to ting:
  1. Kontakt Hardangernett og be om å få breibandsboksen si innstilling for DMZ aktivert
  2. Endre IP-innstillingane til Xbosen, så den ligg i DMZen
    • IP-adresse: 192.168.80.80 (dette er DMZ-IPen)
    • Nettmaske: 255.255.255.0
    • Gateway: 192.168.80.1 (dette er IP-adressa til 634-boksen)
    • DNS1: 62.97.193.3
    • DNS2: 62.97.193.53
Avanserte brukarar som ønskjer å bli aktiv (altså; omgå brannmuren) på PCar, i tillegg til å løysa Xbox-problemet, må ta i bruk ein eigen breibandsruter. Oppsett av dette er avansert og er ikkje å ambefala for vanlege brukarar. Her er ei teikning som skisserer oppkoplinga:


I dette avanserte oppsettet går breibandsruteren (blå) inn med DMZ-IPen.
All inngåande trafikk, frå Internett og inn mot kunden, vil då nå breibandsruteren til kunden.
Her står kunden fritt til å opna portar, aktivera UPnP, laga brannmur-reglar, osb.