Brukarstøtte‎ > ‎Teknisk‎ > ‎

ZyXEL P-660H

Denne sida kan gje svar på tekniske spørsmål for deg med ein breibandsboks av typen ZyXEL Prestige 660H.

Auk talet på NAT-sesjonar per brukar

Om du er ein aktiv brukar med ekstra mykje trafikk, kan du nå i eit problem der boksen din hindrar deg å ha fleir enn 512 pågåande sesjonar om gongen. Enkelte opplev då at web-surfing nermast stoppar opp, mens eit anna program (til dømes ein BitTorrent-klient) stikk av med alle sesjonane.

Den enklaste måten å omgå problemet på, er sjølvsagd å ikkje bruka opp alle sesjonane.
Alternativt kan ein auka talet (doble eller firedoble) inne i oppsettet på sin eigen 660H-boks:
  • Surf til http://192.168.1.1/ og logg inn med standardpassordet 1234
    (du må skriva passordet, sjølv om det ligg inne frå før)
  • Klikk til Network og NAT
  • Skriv inn ønska tal for "Max NAT/Firewall Sessions Per User" og klikk Apply
Obs! Om for mange brukarar (datamaskiner) brukar for mange sesjonar, vil heile breibandsboksen kunne gå i kne. Normalt kjem du på nett igjen ved å skru boksen av og på. Hugs at desse boksane ikkje er laga for tung serverdrift og at dei har sine heilt klare grenser for kor mykje dei faktisk kan hansama.

Om brannmur og passord

Sku gjerne av brannmuren i boksen om du vil, men endre standardpassordet først!
Om du vil skru av eller opna opp brannmuren, må du passa på å endra standardpassordet frå 1234 til noko langt sikrare som berre du kjenner til. Om du ikkje gjer dette vil andre kunne ta kontroll over breibandsboksen din frå Internett.

Du kan også dekativera for fjernkontroll (Remote MGMT under Advanced) frå WAN.
Sett såfall Access Status til LAN for for WWW, Telnet, FTP, SNMP og DNS.
Vil du prøva å gøyma boksen din heilt, kan du setja ICMP til berre å svara på Ping frå LAN.