Brukarstøtte‎ > ‎

Windows Live OneCare

Microsoft har laga ei nettbasert teneste som kan søka igjennom datamaskina di og avdekka enkelte feil og manglar. Tenesta heiter Windows Live OneCare Safety Scanner og er gratis for brukarar med lisens på Windows XP og Vista.

Systemet fungerer ved at du surfar til OneCare-heimesida med nettlesaren Internet Explorer og startar skanninga. Første gong du gjer nytte av tenesta, må det installerast eit tillegg i nettlesaren din.
  • Bruk Microsoft sin Internet Explorer
    (Firefox, Opera, etc. fungerer ikkje med Live OneCare)
  • Surf til onecare.live.com
  • Klikk på knappen Fullstendig søk
Om datamaskina di køyrer Windows Vista, så kan det henda du må akseptera å bruka ei beta-utgåve av tenesta.

Du må også godta popup, men informasjon om alt dette fins på norsk.
Køyr fullstendig søk for å avdekka virus, midlertidige filer som kan slettast, feil i registeret, tryggleiken til oppkoplinga mot Internett, osb.

Comments