Lokal samarbeidsavtale om fiber til Odda kommune.

Odda kommune og HardangerNett inngår langsiktig leigeavtale av fiberlinjer til kommunale tenestestader. Den 10 år lange avtalen gir kommunen høve til fritt å distribuera intern datatrafikk til sine tenestestader via fiber.

Odda kommune velgjer HardangerNett som leverandør av fibertenester. Etter ein utlysingsrunde er HardangerNett einaste aktør som kan levera fiber til alle aktuelle tenestestader. Hovudpoenget med avtalen er at alle tenestestadene skal ha same grunnleggande ikt-tenester og i tillegg få dekka sine særskilte tryggleiks- og kommunikasjonsbehov. Med mørk fiber får kommunen tilgang til nær ubegrensa overføringskapasitet og rom for å ta i bruk nye tenester når dette trengs. Med andre ord ei løysing for framtida. Kommunikasjonsformer og krav endrar seg over tid og særleg helsenett og skulenett har store krav til oppetid, tryggleik og overføringskapasitet. Til dømes skal legen som sit med pasienten henta fram journalen via sikker nettilgang og skuleeleven skal gjere sine oppgåver og ta eksamen til rett tid. Og alt skjer via kommunen si kommunikasjonsløysing over fiber frå HardangerNett.   

 

HardangerNett og Odda Energi har eit godt etablert samarbeid om bygging av fibernett i kommunen. Leveransen i denne avtalen skjer delvis i eksisterande nett og delvis gjennom forsterking av enkelte lokasjonar, og skal vera ferdig levert innan 1. oktober 2011. Avtalen gir Odda kommune eit robust og driftssikkert nett utan dei miljømessige påverknadane som eit koparnett er utsett for.

 

HardangerNett tilbyr primært tenester frå Altibox i fibernettet. Gjennom dette framtidsretta konseptet får både private og bedrifter tilgang til superrask internett, tv-pakkar og telefoni. No leverar HardangerNett Altibox til kundar i Røldal, Håradalen, Langedalen, Skare, Eidesåsen og på industriområdet på Eitrheim. I tillegg vert det også levert bedriftsinterne samband over fibernettet.  

 

HardangerNett vart etablert i 2002, i tillegg til hovudaksjonær Odda Energi er selskapet eigd av Tyssefaldene og BKK. Selskapet har tre tilsette. Avtalen med Odda kommune styrkar HardangerNett og er eit viktig fundament for dei neste 10 åra.

Comments