HardangerNett:
kortreist, lokal og tilgjengelig!
HardangerNett vil!
Vi vil ha ungdommen heimatt. Vi vil ha spennande arbeidsplassar. Vi vil gjera kommunen attraktiv å bu i. Vi vil at skuleborna skal ha kunne gjera nett-leksene heima. Vi vil at du skal ha eit godt fibertilbod som gjere dagane enklare uansett kvar du er i livet.
Du skal kunne “game” utan “lagg” og du skal kunne ha videomøte med ein kunde i Brasil. Du skal kunne ha lika god Internett enten du er heima, på hytta eller på jobb.
HardangerNett og Odda Energi byggjer fiberbreiband for framtida.
HardangerNett AS er den lokale Altibox-leverandøren i Hardanger.
Odda Energi er hovedaksjonær i HardangerNett AS. I tillegg har også BKK Digitek AS og tilsette aksjepostar. Selskapet vart etablert i 2002. HardangerNett har bygd opp eit solid breibandstilbod med fiber heilt heim og samarbeider med Altibox om innhaldstenester.
I tillegg til nett-tenester, tilbyr selskapet kortreist kundestøtte og konsulenttenester til næringsliv og privatpersonar.
HardangerNett har kontor hos Odda Energi. Våre tilsette har solid kompetanse innan data og telecom.